top of page

CU Medical i-PAD SPR er ein kompakt og brukartilpassa hjartestartar som eignar seg både for førstegongsbrukarar og personar med erfaring innan førstehjelp. Den er utvikla for trygg bruk i mange ulike miljø og situasjonar.

 

Produktinformasjon

  • Varemerke: i-PAD

  • Djupne: 7 cm

  • Breidde: 23 cm

  • Høgd: 24 cm

  • Vekt: 2 kg

  • IP-klassifisering: IP66

  • Opphavsland: Sør-Korea

  •  

CU Medical i-PAD SPR AED

Bygd for krevjande miljø

CU Medical i-PAD SPR har IP66-klassifisering, noko som er blant dei høgaste på marknaden for hjartestartarar. Dette betyr at eininga toler både støv og kraftig vasspåverknad, og passar godt i alt frå industribygg og anleggsområde til maritime miljø og utrykkingstenester.

Når hjartestartaren blir slått på, får brukaren tydelege steg-for-steg-instruksjonar med både stemme og opplyste illustrasjonar. Volumet blir automatisk justert etter støyen rundt, slik at instruksjonane er enkle å høyre også i krevjande omgjevnader.

 

Klar til bruk når det gjeld

Hjertestartaren gjennomfører automatiske sjølvtestar kvar dag, kvar veke og kvar månad for å kontrollere at alt fungerer som det skal. Dersom statusindikatoren viser ein sirkel, er hjartestartaren klar til bruk.

Den medfølgjande bæreveska gjer det enkelt å transportere hjartestartaren, samstundes som ho gir god vern mot ytre påvirkning.

 

Same elektroder til barn og vaksne

CU Medical i-PAD SPR brukar same elektrodepakke til både barn og vaksne. Med ein eigen barnemodus kan straumnivået enkelt tilpassast barn opp til 8 år eller 25 kg. Instruksjonar for korrekt plassering av elektrodene er tydeleg merka direkte på eininga.

 

Batteri og elektroder

Batteriet har ei forventa levetid på om lag:

  • 5 år

  • opptil 150 støyt

  • eller rundt 6 timar overvakingstid

  •  

Elektrodene har ei forventa haldbarheit på om lag 2 år. For å sikre at hjartestartaren alltid er klar til bruk, er det viktig å byte batteri og elektroder innan anbefalt tidspunkt.

 

Dette følgjer med

  • CU Medical i-PAD SPR elektroder

  • CU Medical i-PAD SPR batteri

  • CU Medical i-PAD SPR berreveske

  • Brukarhandbok

 

Viktige eigenskapar

  • IP66-klassifisering

  • Automatisk volumjustering

  • Same elektroder for barn og vaksne

  • Enkel veksling mellom barne- og vaksenmodus

  • Tydelege stemmeinstruksjonar og illustrasjonar

  • Automatiske sjølvtestar

  • 10 års garanti

IPAD SPR Hjertestarter

21 200,00 krPris
Antall
bottom of page