top of page

Vilkår og betingelser

KJØPSVILKÅR – BØE FØRSTEHJELP

 

 

 

1. Seljar

 

 

BØE FØRSTEHJELP

Organisasjonsnummer: 835 667 952

Adresse: Setrevegen 71, 6783 Stryn

E-post: kristian@boeforstehjelp.no

Telefon: 94819910

 

Desse vilkåra gjeld for alt sal av varer og tenester via bøeførstehjelp.no.

 

 

 

 

2. Pris

 

 

Alle prisar i nettbutikken er oppgitt i norske kroner (NOK).

 

  • Varen er prisa med MVA inkludert

  • Kurs er ikkje mva pliktige og såleis prisa uten MVA

 

 

Eventuelle fraktkostnader kjem i tillegg og blir opplyst før betaling.

Kilometergodtgjersle til/frå kurs/oppdrag blir lagt til ved fakturering ette endt kurs. 

 

 

 

 

3. Betaling

 

 

Vi tilbyr betaling via Vipps eller faktura. 

 

Ved å fullføre kjøpet stadfestar kunden at:

 

  • opplysningane som er gitt er korrekte

  • kjøpet medfører betalingsplikt

 

 

Beløpet blir trekt i samband med bestillinga.

 

 

 

 

4. Levering av varer

 

 

Varer blir sendt innan 3 arbeidsdagar etter motteken betaling, dersom anna ikkje er avtalt.

 

Normal leveringstid er 2–7 arbeidsdagar.

 

Risikoen for varen går over på kjøpar når varen er levert.

 

Dersom levering blir forseinka, vil kunden bli varsla.

 

 

 

 

5. Levering av kurs og tenester

Kurs og tenester levert av BØE FØRSTEHJELP blir gjennomført til avtalt dato, tidspunkt og stad slik det går fram av bestilling eller skriftleg avtale.

 

Praktisk informasjon om kurs (stad, oppmøtetid, varigheit og eventuelle førebuingar) blir sendt til deltakar eller oppdragsgivar i forkant av gjennomføring.

 

For bedriftskurs blir kurs levert til avtalt lokasjon eller digitalt etter avtale.

 

Dersom BØE FØRSTEHJELP må utsetje eller avlyse kurs grunna sjukdom, force majeure eller andre uforutsette hendingar, vil ny kursdato bli tilbydd. Dersom ny dato ikkje passar, vil avtalen kunne kansellerast utan kostnad for kunden.

 

Kursbevis blir utstedt etter gjennomført kurs der dette er del av kursopplegget.

 

 

 

 

6. Angrerett (gjeld forbrukarkjøp)

 

Privatpersonar har 14 dagars angrerett i samsvar med angrerettlova.

 

Angrefristen startar:

 

  • ved mottak av vare

  • ved kjøp av teneste frå avtaletidspunktet

 

 

For å bruke angreretten må kunden gi skriftleg melding innan fristen.

 

Kunden betaler returfrakt dersom ikkje anna er avtalt.

 

Varen må returnerast i vesentleg same stand. Varer med broten forsegling kan ikkje returnerast. 

 

Angrerett gjeld ikkje:

 

  • spesialbestilte varer

  • kurs som er gjennomført

 

 

 

 

 

7. Avbestilling av kurs

 

Ved bestilling av bedriftskurs blir avtalt dato reservert eksklusivt for oppdragsgivar. Avbestilling må skje skriftleg.

 

Følgjande vilkår gjeld:

 

  • Avbestilling meir enn 30 dagar før kursdato: kostnadsfritt

  • Avbestilling 14–30 dagar før kursdato: 50 % av avtalt kurspris blir fakturert

  • Avbestilling mindre enn 14 dagar før kursdato: 100 % av avtalt kurspris blir fakturert

 

 

Dette grunna at datoen er reservert og kan medføre tap av andre oppdrag.

 

Endring av dato kan etter avtale gjennomførast utan gebyr dersom ny dato blir avtalt i same periode og kapasitet er tilgjengeleg.

 

Kunden er sjølv ansvarlig for å ha lokale som passar til formålet, med projektor/TV og nok plass til deltakarane. 

 

Dersom BØE FØRSTEHJELP må avlyse kurs, blir innbetalt/avtalt beløp refundert i sin heilskap.

 

 

 

 

8. Reklamasjon

 

 

Ved feil eller mangel på vare må kunden melde frå innan rimeleg tid.

 

Reklamasjonsretten følgjer forbrukarkjøpslova (inntil 2 eller 5 år avhengig av produkt).

 

Ved godkjend reklamasjon vil varen bli reparert, erstatta eller refundert.

 

 

 

 

9. Personvern

 

 

Vi behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.

 

Sjå eiga side for personvernerklæring for meir informasjon om:

 

  • kva opplysningar som blir samla inn

  • korleis dei blir brukt

  • rettane dine

 

 

 

 

 

10. Tvistar

 

 

Eventuelle tvistar skal søkjast løyst i minnelegheit.

 

Dersom dette ikkje fører fram, kan forbrukar ta saka vidare til:

Forbrukartilsynet eller Forbrukarklageutvalet.

 

 

 

 

11. Kontakt

 

 

Spørsmål om kjøp eller vilkår kan rettast til:

Kristian@boeforstehjelp.no

94 81 99 10

bottom of page